Intervju med Hans Christian Smith-Sivertsen

Hans Christian Smith-Sivertsen byrja si karriere i Forsvaret som HV-soldat. Etter kvart søkte
han seg inn på Sjøkrigsskolen, og i 1956 byrja han på ubåt-kurs. Etter fullført ubåt-kurs fekk
han teneste på KNM Kaura (k-klasse).


I 1960 vart han inspeksjonsoffiser på Sjøkrigsskolen som då vart flytta til Bergen same året.
Vidare fekk han etterutdanning til sivilingeniør i Monterrey i USA. Tilbake i Norge byrja han i
Sjøforsvarets forsyningskommando (SFK) og vart prosjektleder for SEASPARROW og
ansvarleg for tilpassing av SEASPARROW på fregattane. Etter vellukka uttesting gjekk turen
tilbake til USA og nestleiar ved SEASPARROW prosjektkontor i Washington.

Etter at beordringsperioda var over fekk han permisjon i to år for jobbe som handelsråd i den norske
ambassaden i Washington. Sjølv om han likte seg godt i jobben som handelsråd valte han og
gå tilbake til Sjøforsvaret.

Han fekk då stilling som sjef ved FORACS på Ullsnes. Etter FORACS vart han sjef for Ramsund orlogsstasjon (ROS). Då stillinga som sjef verkstadseksjonen i SFK vart ledig søkte han den og gjekk over i sivil stilling som verkstadsjef.

Denne stillinga hadde han til han gjekk av for pensjon 67 år gamal i 1999.

Intervjuet er laget av Erling Drabløs.