Lokaliserte U-864 nær 20 år før vraket blei oppdaga

NY VENDING: U-864: Kontreadmiral, Jan Jæger, fortel NH om korleis kommandørkapteinen Hans Christian Kjelstrup leita fram U-864 på botnen utanfor Fedje. Foto: Ole Jacob Riise Strønen

 Ole Jacob Riise Strønen

– Vi kunne ikkje seie noko. Beskjeden ovanfrå var klar – dette skulle ikkje Marinen sløse bort tid og pengar på.

– Eg har følgt saka sidan lenge før vraket blei funne.

Det seier den profilerte ubåtmannen og kontreadmiralen, Jan Jæger, til NH.

Avisa møter han på Fedje, nokre kilometer og 170 høgdemeter unna saka som har oppteke han i lang tid.

Då NH publiserte ein artikkel som samanfatta heile historia om U-864, tok kontreadmiralen kontakt. Han hadde informasjon å leggje til i tidslinja. Jæger kunne fortelje NH at vraket blei lokalisert ei god stund før posisjonen blei stadfesta.

Og no som heile historia var ute, synest han tida var inne.

Det er spesielt ein person som har vore viktig for historia om ubåtvraket og for Jæger. Kommandørkapteinen og ubåtmann Hans Christian Kjelstrup, var den som først lokaliserte vraket utanfor Fedje.

Imponerande kunnskapsrik

– Han var min tekniske offiser då eg var skvadronssjef på tidspunktet. Han var maskinmeister på ubåtar, og ein flink fyr. Sta som eit esel. Rettferdig, òg. Eg har berre gode ord å seie om han.

Jæger og Kjelstrup blei kjent rundt midten av 70-talet, då Kjelstrup segla på ubåt saman med Jæger som sin kommanderande. Kjelstrup gjekk også på ubåtskulen, der Jæger var instruktør.

– Han var jo genuint opptatt av ubåt og ubåthistorie, då spesielt knytt til andre verdskrig.

Jæger hugsar godt korleis Kjelstrup engasjerte seg i offisersforeininga til ubåtvåpenet, Periskop. Der delte han ofte historieviten.

– Kjelstrup var så imponerande kunnskapsrik om ubåtkrigen til Hitler. Det var enormt. Vi sat berre måpande og høyrde på han.

KLAR: Kontreadmiralen Jan Jæger har jobba i, og opp mot, det norske ubåtvåpenet gjennom stort sett heile karrieren hans i Sjøforsvaret. Med bag og baggasjerom full i dokument om U-864 var han klar for å møte NH på Fedje. Foto: Ole Jacob Riise Strønen

1867 behaldarar med kvikksølv

Med ferdigheitene han skaffa seg i Sjøforsvaret meinte Kjelstrup han kunne spore opp fleire vrak av tyske ubåtar på havbotnen langs norskekysten. Det kunne han.

Kjelstrup spelte ein sentral rolle i oppdaginga av vraket etter den norske ubåten «Uredd» som blei brukt til å frakte Kompani Linge-mannskap (sabotører) til Bodø. Ubåten trefte ein tysk mine på veg inn i Fugløyfjorden og sank til botnen. Heile mannskapet omkom.

Ubåten blei funnen sørvest for Fugløyvær på 105 meters djup i 1985, og Kjelstrup engasjerte seg i leitinga. Etter det, leita han aktivt etter U-1053, som til slutt blei funnen i Byfjorden utanfor Bergen i 2010.

Under treninga hans i England, besøkte han dei britiske statsarkiva. Der fekk han tilgang til kamploggen til HMS «Venturer», altså ubåten som senka U-864, og loggen til kapteinløytnant om bord, Jimmy Launders.

Med informasjonen og koordinatane i denne loggen, visste Kjelstrup i kva område vraket måtte liggepå havbotnen. Det fortalde han Jæger.

Ein ting var å vite omtrentleg posisjon – å stadfeste den meir enn hundre og femti meter under bølgene var ei heilt anna sak.

Og Kjelstrup må ha følt eit visst press, for i England oppdaga han kva ubåten skal ha vore lasta med – 1867 behaldarar med kvikksølv.

Han meinte at Marinen burde støtte oppunder leitinga, no som både den omtrentlege posisjonen, og ikkje minst lasten, til U-864, var oppdaga.

Men han møtte ei kald skulder då han lufta saka.

Beskjeden var tydeleg – leiting var uaktuelt

Kjelstrup ønskte at Sjøforsvaret skulle engasjere seg i saka og løyve ressursar for å leite etter vraket, men forslaget blei møtt med kraftig motstand.

«Det kan du berre gløyme», var signalet han fekk frå hovudstaden. Leiting etter U-864 var ikkje noko Sjøforsvaret skulle bruke pengar på.

Informasjonen om at ubåten var lasta med over 60 tonn kvikksølv framprovoserte eit større behov for å finne vraket, men auka også den eventuelle kostnadsbyrda Sjøforsvaret antakelegvis frykta:

– Det der var kostbart og det skulle ikkje Forsvaret bruke korkje pengar eller personellressursar på. Ferdig snakka!

Men den dedikerte maskinsjefen lét seg ikkje stoppe.

– Kjelstrup gjekk rundt og meinte at her var det enkelte som tenkte at denne saka ikkje tolte dagens lys.

Tilfeldigheitene skulle likevel gje Kjelstrup verktøyet han trong for å leite, mange år seinare.

TVERRSNITT: Med seg hadde Jæger mellom anna teikningar som viser tverrsnittet av tyskproduserte ubåtar frå andre verdskrig. Foto: Ole Jacob Riise Strønen

Kunne leite ved passeringar

Trass i at Kjelstrup møtte motgang frå høgare hald, mista han ikkje motet. Han hadde støtta til Jæger:

– Eg lét Kjelstrup halde på. Eg synest jo dette var veldig interessant sjølv, fortel han.

Jæger var skvadronssjef i ubåtvåpenet på tidspunktet, og Kjelstrup hadde gått over til ei stilling i Sjøforsvarets Forsyningskommando, og stod difor utanfor ubåtvåpenet. Men heller ikkje det skulle stoppe han frå å snevre inn søket etter den nøyaktige posisjonen til ubåten.

I mellomtida blei Jæger sin overordna på tidspunktet, ubåtinspektør Reidar Skarlo, informert om U-864 og kva Kjelstrup hadde avdekt i England og på fritida.

– Han blei minst like interessert i temaet som Kjelstrup.

INTERESSE: Jan Jæger har vore særs interessert i U-864 sidan før vraket blei oppdaga. Bildet er tatt ved trafikkstasjonen til Kystverket på Fedje. Eit par kilometer bak Jæger, ligg U-864 på havbotnen. Foto: Ole Jacob Riise Strønen

Den ubåtsøkande trekløvaren blei einige:

– Skarlo såg mellom fingrane, og Kjelstrup fekk lov å halde fram med leitinga etter U-864.

Så byrja det å ulme litt rundt ubåtvraket og kvikksølvet då den tyske sivilingeniøren og hobbyhistorikaren Wolfgang Lauenstein byrja å kontakte norske myndigheiter på leiting etter vraket.

Katta var godt på veg ut av sekken, og norske myndigheiter ønskte no å finne vraket. I 2001 oppmoda Kjelstrup å leite etter U-864 ved hjelp av KNM «Tyr» og ROV-fartøyet om bord.

Det fekk han godkjenning til, men sjølv då var det ikkje noko intensiv leiting. KNM «Tyr» med mange oppdrag, fekk «Tyr» berre lov til å leite då skipet passerte området undervegs til andre oppdrag.

– Det heile måtte skje på ein sånn måte at KNM «Tyr» berre kunne leite i transitt frå Håkonsvern og nordover. Då kunne skipet legge om kursen litt, gå eit par rundar att og fram med ROV-fartøyet på botnen, før dei måtte dra vidare, seier Jæger, og held fram:

– Det var ikkje nokon sånn overdriven innsats vi hadde på dette her – det kunne vi ikkje ha heller. På eit vis gjorde vi dette som ein treningsoperasjon. Vi trente mannskapet på KNM «Tyr» til å bruke ROV-fartøyet og finne ting på havbotn på denne måten.

Innsatsen blei desto meir effektiv av at Kjelstrup hadde ein rimeleg nøyaktig posisjon for vraket med informasjon frå England og topografiske kart av havbotnen som han skaffa seg hjå Forsvarets Forskningsinstitutt.

KUNNSKAPSRIK: Då folk kom til kontreadmiralen, Jan Jæger, med spørsmål om ubåtar, jo, då viste han til kommandørkaptein, Hans Christian Kjelstrup : – Det trur Kjelstrup sette pris på. Og dei som kom med spørsmåla sette nok endå større pris på å få snakke med ein som var så kunnskapsrik som han, fortel Jæger til NH. Foto: Ole Jacob Riise Strønen

Fann senka naziubåt – men ikkje den riktige

Kunnskapen til Kjelstrup skulle vise seg å vere særs nøyaktig. Det tok ikkje lange tida før KNM «Tyr» oppdaga noko med ROV-fartøyet ved å leite i nærleiken av Fedje.

Kjelstrup blei varsla om at mannskapet hadde gjort eit funn i Fedjeosen, under ei av passeringane.

– Då forklarte Kjelstrup at, nei, dette var ikkje riktige ubåten, seier Jæger med eit lurt smil.

Kjelstrup var nemleg kjent med denne ubåten også, og kunne raskt identifisere den.

Det KNM «Tyr» hadde oppdaga, var vraket av U-486. Ein annan tysk ubåt som blei senka i Fedjeosen mot slutten av andre verdskrig, 12. april 1945. Dette vraket blei ikkje «offisielt lokalisert» før 13. mars 2013, då Statoil leitte etter ein trase for å føre i land olje frå ein av sine installasjonar.

KNM «Tyr», mannskapet og Kjelstrup heldt fram med leitinga.

Etter fire-fem søk til i området, trefte KNM «Tyr» blink 22. februar 2003, rundt 2.000 meter unna U-486. Det blei Kjelstrup varsla om.

– Då fann vi ubåten. Kjelstrup fekk bilde av vraket. Der låg det på botnen.

PÅ VEG: Jan Jæger om bord «Fedjebjørn». Foto: Ole Jacob Riise Strønen

Stod på til vraket var funne

Kjelstrup møtte motstand då han uttrykte ønsket om at Sjøforsvaret burde ta initiativ til å leite etter U-864. Men han lét seg ikkje stoppe av ein kald skulder, og han heldt fram med å leite etter posisjonen til vraket.

Trass i motstanden, heldt Kjelstrup fram. Det kunne han gjere med støtta frå både ubåtinspektør Skarlo, og Jæger sjølv.

Og då det til slutt ikkje var mogleg å utsetje leitinga etter vraket på botn, var informasjonen til Kjelstrup om posisjonen til U-864 sentral for å raskt lokalisere det.

Engasjementet til Kjelstrup, trass i ønska til Marinen, førte til effektiv leiting etter U-864.

Etter at dei var ferdige med karrierane sine i både Marinen, Sjøforsvaret og Ubåtvåpenet, gjekk Jæger og Kjelstrup på turar saman. Då preika dei om mykje forskjellig – livet, Marinen, men også ein del om ubåtar. Naturlegvis.

Og sjølv om Kjelstrup var takksam og glad i både Sjøforsvaret og den innhaldsrike karrieren hans, var U-864 ei bitter sak for han, sjølv i hans siste dagar, ifølge Jæger.

Han skulle sett at Sjøforsvaret tok ei meir aktiv rolle i leitinga etter U-864.

I 2014 gjekk Kjelstrup bort etter kreftsjukdom.

Og ved å dele historia om Kjelstrup og ståpåvilja hans, håpar Jæger at kommandørkapteinen som av nokon fekk tilnamnet «Mr. Ubåt», får sin del av æra for oppdaginga av ubåtvraket utanfor Fedje.